Påmelding opnar 16. januar 2026 kl 20.00
SpareBank 1-hallen, Volda Stadion
Er du klar for å teste grensene dine? Velkommen til Volda Bakgårdsultra – eit backyard ultra-konsept der du kjemper mot både klokka og deg sjølv. Vi gjennomfører 12 runder, startande kvar heile time, i tråd med den klassiske backyard-formen.
Traseen er 6,7 km per runde, slik at 12 rundar gir deg den magiske ultradistansen på 50 miles (12 x 6,7 = 80,4 km). Fullfører du ei runde innan timen, stiller du til start på neste. Klarer du alle 12, har du fullført Volda Bakgårdsultra.
Runder: 12 x 6,7 km – start kvar heile time
Dette er eit løp for alle – både deg som vil jage 80,5 km, og deg som vil prøve deg på ei eller fleire rundar i godt lag. Det viktigaste er å stille på startstreken kvar time – kor mange rundar du vil springe, bestemmer du sjølv.
Er du klar for utfordringa?