Volda Bakgårdsultra er ein nyoppretta organisasjon med eitt klart mål: å arrangere Volda Bakgårdsultra – Sunnmøre sitt første løp av denne typen. Backyard ultra-formatet er eit relativt nytt fenomen som har vakse fram dei siste åra, men fram til no har det mangla eit tilsvarande arrangement i vår region. Då valde vi å ta saka i eigne hender.
Organisasjonen består av Bent Ingebrigtsen, Bo Martin Larsson og Mads E. Melbø, og vi driv løpet fram med filosofien:
👉 Vi lagar eit løp vi sjølve kunne tenkt oss å delta på.
Vi ønskjer å skape eit inkluderande og uformelt arrangement, der både konkurranselystne og mosjonistar kan finne glede og utfordring i same løype.
Har du lyst til å bidra til arrangementet?
Ta gjerne kontakt med ein av oss – vi set stor pris på fleire som vil vere med og løfte dette prosjektet!