Start og mål for Volda Bakgårdsultra er inne i SpareBank 1-hallen ved Volda Stadion. Dette gir deltakarane tilgang til eit tørt og varmt område mellom rundane, med moglegheit for å kvile, slappe av og forsyne seg i depotet. Kvar runde startar frå hallen kvar heile time, og det er viktig at deltakarane er på startstreken når starten går.
Mellom kvar runde kan du bruke SpareBank 1-hallen som base for kvile og restitusjon. Ta med eigen stol, liggeunderlag eller teltstol om du ønskjer å legge deg ned mellom rundane. Det vil vere god plass til deltakarutstyr i hallen.
Vi tilbyr eit enkelt depot med vatn, sportsdrikke, frukt og noko salt snacks. Deltakarane kan også ta med eigne mat- og drikkevarer og setje opp personlege depot ved start/mål-området. Du har tilgang til depotet kvar gong du kjem inn frå ein runde, og fram til neste start.
Det vil vere ein kiosk i hallen med sal av diverse kioskartiklar, som kaffi, mineralvatn, sjokolade, smågodt, og anna enkel servering. Kiosken er open under heile arrangementet, og både deltakarar og publikum er velkomne til å handle.
Toalettfasilitetar finst inne i SpareBank 1-hallen, tilgjengeleg under heile arrangementet.
Garderobar med dusj er tilgjengelege i klubbhuset til Volda Fotball, rett ved stadionområdet. Det vil vere skiltet frå hallen til garderobane.
Fredag 17. oktober 2025
Startnummerutdeling: På Intersport Voldaportalen (Vikebygdvegen 4, 6104 Volda) i butikkens opningstid fram til 19.00
– Vi oppmodar deltakarane til å hente startnummer denne kvelden om mogleg.
Løpsdag – Lørdag 18. oktober 2025
Startnummerutdeling & registrering: Frå kl. 07:00 i SpareBank 1-hallen
Deltakarbriefing: Kl. 07:40
Start 1. runde: Kl. 08:00
Start 2. runde: Kl. 09:00
Siste runde: kl. 19:00 (runde 12).
Løypa er 6,7 km per runde, i samsvar med backyard ultra-standarden. Underlaget er hovudsakleg grusveg, og traseen går i stadionområdet og langs Rotevatnet – med berre nokre få høgdemeter.
Den første runda starter kl. 08:00. Andre stunde starter kl 09:00 osv.
Kvar runde startar kvar heile time.
Du må vere i startområdet når starten går. Starten vil bli markert med et lydsignal 3, 2 og 1 min før start.
Fullfører du runda innan timen, er du med vidare.
Alle deltakarar får medalje med Volda Bakgårdsultra motiv og anntal runder.
Du bestemmer sjølv kor mange rundar du vil vere med på.
Gratis parkering ved Volda Stadion. Kjem du langvegsfrå, ligg Volda sentrum i gangavstand frå arenaen, og Volda Lufthamn Hovden ligg berre 10 minutt unna med bil.
Deltakarar må ha gyldig helårslisens gjennom Norges Friidrettsforbund (NFIF) eller teikne engangslisens ved påmelding. Lisensen gir deg grunnforsikring under løpet.