Reglar for Volda Bakgårdsultra:
1: Vinnaren er den som kjem først i mål etter 12 rundar.
2: Vi startar kvar time, første start klokka 08.00.
3: Du må vere i mål før neste heile time for å få halde fram.
4: Du skal stå framfor startseglet når startskotet går, med gyldig startnummer.
5: Det blir varsla med 3, 2 og 1 lydsignal – 3, 2 og 1 minutt før kvar start.
6: Undervegs i løpet kan du ikkje få hjelp av folk som ikkje sjølve er med.
7: I depotet kan du få hjelp av kven du vil – byte sko og klede, ete, drikke osv.