SpareBank 1-hallen, Volda Stadion
Er du klar for å teste grensene dine? Velkommen til Volda Bakgårdsultra – eit backyard ultra-konsept der du kjemper mot både klokka og deg sjølv. Vi kjører 12 runder, startande kvar heile time, i tråd med den klassiske backyard-formen.
Traseen er på 6,7 km pr. runde, slik at 12 runder gir deg den magiske ultradistansen på 50 miles (12 x 6,7 = 80,4 km). Fullfører du ei runde innan timen, stiller du til start på neste. Klarer du alle 12, har du fullført Volda Bakgårdsultra.
Stad: SpareBank 1-hallen, Volda Stadion – med tilgang til innandørs opphaldsrom, garderober og heiagjeng.
Dato: Lørdag 18. oktober 2025
Starttid: Kl. 08:00
Runder: 12 x 6,7 km – med start kvar heile time.
Dette er eit løp for alle – både deg som vil jage 80,5 km, og deg som vil prøve deg på ei eller fleire runder i godt lag. Det viktigaste er å stille på startstreken kvar time – kor mange rundar du vil springe bestemmer du sjølv.